KOMMUNENE VÅRE:
På denne siden kan du lese om kommunene som omgir Haugesund og aktiviteter som pågår der.
Selv om Haugesund er handelssentrum ligger ingen disriktskommuner på latsiden i så måte. Flere bygger blant annet nye kjøpesentra for at ikke alle skal dra til byen på handletur.
_________________________

LAUST OG FAST OM NYE VINDAFJORD KOMMUNE

Vindafjord kommune har levande bygder. Jordbruket spelar ei stor rolle. Men i kommunen finns store driftige verksemder også

Ølen
Ølensjøen er den sentrale tettstaden i kommunen med om lag 1450 innbyggjarar. Her er kommunesenteret og kommuneadministrasjonen. Der vegane møtest er ei god beskriving av kommunesenteret som frå gammalt av har vore eit kommunikasjonsknutepunkt for distriktet. Her møtest bussar frå aust, sør og vest med båten frå nord.

Sentrum er godt utbygd med gode tenestetilbod innan handel og service, skuletilbod med vidaregåande skule , idrettshall og symjehall og varierte næringsverksemder.
Det nye omsorgssenteret vart teken i bruk våren 2001.
Deler av den gamle busetnaden er teke vare på i Sjoargata, noko som er med å prega gatebiletet i Ølen.

Den største verksemda i Ølen er Fatland Slakteri. Dette slakteriet er det største privateigde slakteriet i landet.

Ølensvåg

Ølensvåg er senteret for industri- og entrepenørskap i kommunen. Fleire av dei største arbeidsplassane i kommunen held til her. På det meste har det vore sysselsett innpå 1500 personar i industriverksemdene i bygda. Folketalet i bygda er berre om lag 750 personar. Avstanden til kommunesenteret er kort, berre ca 5 km., så desse bygdene har mykje saman både når det gjeld arbeidstid og fritid. Den nyaste skulen i kommunen - ein barneskule som vart bygd i 1997- er her. Bygda har vore i sterk vekst og det er stadig nyetableringar både innan servicenæring og andre verksemder.

Bjoa

Bjoa er kulturbygda i kommunen, med rike minne frå fortida.
Her kan nemnast Steinslandssåta - ei bygdeborg på Innbjoa og Kulturstien med helleristningar frå eldre bronsealder ved Hovlandsstø på Utbjoa. Bygdelaget er no engasjert i å dra ny arbeidskraft til bygda m.a. IT-relatert verksemd . Der er også lagt ut tomtefelt med attraktive tomter. Folketalet er om lag 500 personar.

Vikebygd

Vikebygd - ligg idyllisk til ved Ålfjorden.
Bygda har om lag 550 innbyggjarar, men på sommarstid mest doblar talet seg. Bygda vart kjent på slutten av 1980 talet då verneveggen til Ekkofiskplattfoma vart bygd her. Her er difor gode industriareal i dag, og gode høve for etablerarar å slå seg ned. Plassabakeriet - eit bakerimuseum med alle serveringsrettar er ein fin stad å stoppa for eit måltid, og treng du overnatting så er Bjordalstun staden.

Skjold

Skjold er den folkerikaste bygda i GamleVindafjord med omlag 1390 innbyggjarar. ,(vi gjer merksam på at vi her jamnt over meiner Gamle Vindafjord, når ikkje anna er sagt, og vi her brukar namnet Vindafjord) Skjold skule er den største skulen i Vindafjord, ein kombinert barne- og ungdomsskule, som i tillegg til å vere barneskule for Skjold, også tek mot ungdomsskuleelevar frå Vats og Vikebygd. Bygda har sentralbaneanlegg og bygdahus lokalisert ved skulen. Her ligg også barnehage. Næringslivet, er i tillegg til jordbruket, knytt m.a. til mindre handverksbedrifter innan bygg/anlegg. Skjold kyrkje er eit praktbygg, som i tillegg til kyrkjelege handlingar, vert mykje nytta til kulturverksemd, konsertar og kunstutstillingar.
Stadnamnet Haraldseid/Haraldseidvågen er knytt soga om kong Harald Håfagre. Historikarar er nå i ferd med å lokalisere traseen for det dei reknar med kan vere eit dragseid mellom Ålfjorden og Skjoldafjorden. Eit dragseid er ein veg der ein dreg båtar over land, t.d over eidet mellom to fjordar. Eit slikt dragseid (holveg) finn vi også restar av i Sandeid. Skjold er den delen av kommuen som har hatt størst vekst i folketalet.

Vats

Vats er frå gamalt av delt i to bygder. Samla folketal: om lag 1200. I Åmsosen vaks det fram landhandel m.m., knytt til rutebåtsambandet til Stavanger. Tidleg i førre århundre fanst det til og med hotel her. På denne staden har Jakob Hatteland bygt opp ei høgkompetansebedrift innan IT-bransjen. Frå om lag midt på 80-talet vart verdas største oljeplatformer i betong bygde eller utrusta på Raunes i Nedre Vats. Nå har firmaet AF Decom teke basen i bruk att, og bygd han ut for å kunne hogge opp dei mange oljeinstalasjonane i Nordsjøen, som skal fasast ut.
På Knapphus i Øvre Vats er det eit lite sentrum, med fleire ulike slag verksemder, alt frå handel til sal/service. Skulen for Vats-bygda ligg i Nedre Vats. I tidlegare Øvre Vats skule er det nå barnehage. I Nedre Vats ligg kyrkja og Vindafjordhallen. Denne hallen inneheld festlokale/serveringslokale og symjehall. Her ligg også Vindafjordtunet, kommunen sitt nye og moderne omsorgssenter.

Sandeid

Sandeid har vore administrasjonssenter i Vindafjord den siste delen av tida som eigen kommune. Folketalet er i overkant av 1000 innbyggjarar. Bygdesenteret inneheld dei vanlege handels- og servicebedrifter, men også handverks/elektro- og produksjonsbedrifter. Største bedrifta er Gilde Vest sitt slakteri. På Helgeland ligg det interkommunale skianlegget m.a. med lysløyper for heilårsbruk. Stadnamn frå Sandeid tyder på tidleg busetnad. Skeie peikar på at på denne staden har det i gamal tid vore halde hesteløp. Helgeland er knytt til religiøs handling/evt. religiøst senter. Sandeid samfunnshus har opp gjennom åra tent som møtelokale for Vindafjord kommunestyre. Styret i samfunnshuset arbeider nå med planar for utviding m.a. med amfi. Sandeid har barneskule og barnehage.

Vikedal

Vikedal er på mange måtar lik Sandeid. Folketal om lag 850. Også Vikedal har husa ein vesentleg del av den kommunale administrasjonen. Turistnæringa har spela ei viktig rolle opp gjennom tida. I eller nær Vikedal sentrum ligg 3 campingplassar. Kommunen har peika ut Vikedal og Imsland som område for utvikling av reiselivsnæringa. Ein god del av denne næringa har vore knytt til Vikedalselva som lakseelv. Mykje av busetnaden rundt elva har halde på fin gamal byggeskikk. Vikedal er festivalbygda framfor alle dei andre bygdene i Vindafjord. Her finn Vikedal Roots Music Festival, Sommarfestivalen, Zportyfestivalen og sandvolleyballfestival stad. Oppe i Vikedalsdalen ligg motorsportsanlegget til NMK-Vikedal.
På den tidlegare skulen på Mo, er det nå etablert eit senter for rehabilitering av rusmisbrukarar.
Vikedal har eit moderne bygdahus med festsal/scene og lokale for servering. Vikedal skule er kombinert barne- og ungdomsskule, med barnesteg for Vikedal og Mo, og ungdomssteg for Sandeid, Vikedal og Imsland. Vikedal har også barnehage i nærleiken av skulen.

Imsland

Imsland er den minste av bygdene i Vindafjord. Folketalet ligg på om lag 350. I denne delen av kommunen finn vi fleire oppdrettsanlegg, både land- og sjøbaserte. Imslandssjøen er ei perle, som har noko av den best bevarte eldre trehusarkitekturen på våre kantar. Dei fleste av desse husa vart oppførte i den såkalla ”varvartida”, d.v.s. tida 1870-1890, då det vart bygt seglskip opptil storleiken skonnert/skonnertbrigg, fleire stader ved Imslandssjøen . Her ligg også kyrkja. Skogen har opp gjennom tida spela ei viktig rolle i Imsland. Også i dag vert det avvirka ein god del skog. Bygda har barneskule og barnehage i same bygg. Det er fleire større hyttefelt i bygda. Kommuneplanen opnar også for ein del bygging av nye hytter i denne delen av kommunen.

   

Nye Vindafjord kommune:
MELK OG OLJE I ØLENSVÅG!

Foto Geir Kvam

Ølensvåg er senteret for industri- og entrepenørskap i kommunen. Fleire av dei største arbeidsplassane i kommunen held til her. På det meste har det vore sysselsett innpå 1500 personar i industriverksemdene i bygda.

Folketalet i bygda er berre om lag 750 personar. Avstanden til kommunesenteret er kort, berre ca 5 km., så desse bygdene har mykje saman både når det gjeld arbeidstid og fritid.    Den nyaste skulen i kommunen - ein barneskule som vart bygd i 1997- er her. Bygda har vore i sterk vekst og det er stadig nyetableringar både innan servicenæring og andre verksemder.

NYE VINDAFJORD I TAL

Ølen er ikkje kjent for å brygge edle drikkevarer, bygda er heller ikke kjent for sine natteranglende utesteder. Derimot er bygda kjent for sine velholdte garder å sin vakre natur, Olalia og Bjoafjellene bak Vikebygd. Vindafjord kommune og Ølen kommune gjekk saman til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Kommunesenteret er i Ølen, men det vert kommunale tenestekontor også i Sandeid og Vikedal. I kvar av dei 9 bygdene er det grunnskule, SFO og barnehage.
Ny og større kommune
Folketalet i den nye kommunen er i alt 8 120 . Det er 4 700 i Vindafjord og 3 420 i Ølen. Skuleåret 2005/2006 går det 1 162 elevar i grunnskulen, 693 frå Vindafjord og 469 frå Ølen.
Den nye kommunen har eit areal på 621 km2. Gamle Vindafjord kommune har 440 m2 medan Ølen har 181 km2. Den nye kommunen har eit areal som gjer at bare 4 kommunar i Rogaland er større enn Vindafjord.
Næring Den nye kommunen har eit variert næringsgrunnlag. Gamle Vindafjord kommune hadde i 2002 registrert 355 einingar innafor jordbruk medan Ølen hadde 148. Når det gjeld industri, har nyleg gamle Ølen blitt utpeika som ein av dei beste på næringsutvikling. Det er mange livskraftige bedrifter langs Ølensfjorden.
   Ølen er ikkje kjent for å brygge edle drikkevarer, bygda er heller ikke kjent for sine natteranglende utesteder. Derimot er bygda kjent for sine velholdte garder å sin vakre natur, Olalia og Bjoafjellene bak Vikebygd. Vindafjord kommune og Ølen kommune går saman til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Kommunesenteret vert i Ølen, men det vert kommunale tenestekontor også i Sandeid og Vikedal. I kvar av dei 9 bygdene er det grunnskule, SFO og barnehage. Ny og større kommune
Det er mykje me kan fortelje om den nye kommunen. Dette vil kome etter kvart. Her tar me med nokre fakta i tal

Folketal
I den nye kommunen budde det 01.01.2005 i alt 8 120 innbyggjarar. Det var 4 700 i Vindafjord og 3 420 i Ølen. Skuleåret 2005/2006 går det 1 162 elevar i grunnskulen, 693 frå Vindafjord og 469 frå Ølen.

Areal
Den nye kommunen har eit areal på 621 km2. Gamle Vindafjord kommune har 440 m2 medan Ølen har 181 km2. Den nye kommunen har eit areal som gjer at bare 4 kommunar i Rogaland er større enn Vindafjord.

Næring
Den nye kommunen har eit variert næringsgrunnlag. Gamle Vindafjord kommune hadde i 2002 registrert 355 einingar innafor jordbruk medan Ølen hadde 148. Når det gjeld industri, har nyleg gamle Ølen blitt utpeika som ein av dei beste på næringsutvikling. Det er mange livskraftige bedrifter langs Ølensfjorden.



Fra Smedasundet i Haugesund

tilbake til forsiden

Utgiver: Water & Vine AS - redaktør Geir Kvam - Tlf: 99 16 45 60 - e mail: gkvam@alvin.no